Mal på keramikk

I keramikkkaféen vår kan du velje mellom eit stort utval keramikk og dekorere akkurat slik du ønskjer. Me har mange fargar og enkle teknikkar som gjer det lett å skape noko heilt personleg – uansett erfaring. Prisen varierer frå 370–890 kr, og inkluderer alt du treng: maling, utstyr, glasering, brenning – og to timar med roleg, kreativ kvalitetstid.

Maks antall plassar: 12
Dersom de er ein gjeng kan det vere lurt å booke saman, så sikrar de at alle får plass.

Opningstider
Dei fleste søndager frå kl. 11:00–13:00

Korleis funker det?

1. Velg

Plukk ut malingsglasur og keramikk – frå små koppar til store vasar som varierer i pris frå 370 kr til 890 kr.

2. Mal

Mal keramikken - og nyt ein kaffi eller te, med noko søtt attåt. Me har mange fargar og teknikkar å velge mellom!

3. Hent

Keramikken hentes ferdigglassert, matsikker og brent etter ca 2–3 veker. Følg med her.

Prisar

Me har eit variert utval keramiske gjenstandar du kan male sjølv. Prisane varierer frå 370 til 890 kr, avhengig av kva du vel å dekorere. Alle prisar inkluderer keramikk, maling, utstyr, handglasering og brenning – og to timar hos oss til å leike, skape og senke skuldrene. Ved booking betaler du 150 kr per person i reservasjonsgebyr. Beløpet blir trekt frå når du betaler for keramikken i studio.

Prisar

Koppar

  • Espressokopp – 370 kr

  • Kopp – 420 kr

  • Stor kopp – 450 kr

  • Jumbo kopp – 520 kr

Skåler og fat

  • Liten bolle – 520 kr

  • Stor bolle – 720 kr

Vasar og servering

  • Lita kanne – 520 kr

  • Stor vase – 890 kr

Dekor

  • Lyslykt – 500 kr

Merk: Me kan ikkje garantere at me har all keramikk inne til ein kvar tid.