Planlegg du eit utdrikningslag, bursdag eller firmaevent?
Eller kanskje ein kreativ kveld med klubben? Hold ditt neste arrangement i kreative omgjevnader!
Du kan velge mellom eit bredt utvalg av aktiviteter som keramikk, papirblomar og mykje meir. Me skaper eit tilpassa tilbod basert på dine behov, og sørger for materialer, veiledning og ei avslappa atmosfære.
Har du spørsmål, idear eller ønsker du å bestilla eit arrangement?
Nyt analog kvalitetstid
🧘
Nyt analog kvalitetstid 🧘
Lag ein evig bukett
Blomar av handfarga kreppapir
Lær å laga blomar av handfarga kreppapir. Me guider dykk gjennom steg for steg til eit vakkert og fargerikt resultat. I løpet av kurset vil ein kunne lage 2–3 blomar.
Dette er ein aktivitet som kan passe perfekt til for eksempel utdrikningslag – kvar deltakar formar sine eigne blomar som saman blir til ein vakker og fargerik bukett til bruden 🌸
Dette får du:
2–3 timar kreativ økt i privat lokale
950,- per pers.
Handfarga Italiensk kreppapir
Rettleiing undervegs (me tilpasser antall kurshaldarar etter gruppestorleik)
Kaffi/te (anna drikke tas med sjølv)
Er de fleire enn 16 stk. kan me kome til dykk. Ta kontakt for avtale :)
Minikurs i handbygging
Keramikkbokstavar
Eit minikurs i keramikk der me kombinerer to ulike handbyggingsteknikkar og lager bokstaver i keramikk – til namn, skilt eller små minne. Her er det god tid til drøs, noko godt i glaset og å senke skuldrene medan ein jobbar med leira.
Dette får du:
2 timar analog kvalitetstid
Frå 550,- per pers.
Privat workshop
Materiale, utstyr, brenning og handglasering inkludert
Frå 8–16 pers
Mal på keramikk
Ny favorittkopp på jobben?
Me har eit stort utval av ferdig råbrent keramikk som de kan dekorere akkurat som de ønskjer. Me har mange fargar og enkle teknikkar som gjer det lett å skape noko heilt personleg – uansett erfaring. Prisen varierer frå 370–890 kr, og inkluderer alt de treng: maling, utstyr, glasering, brenning – og to timar med roleg, kreativ kvalitetstid.
Denne aktiviteten kan passe som teambuilding på jobben eller som ein litt annleis klubbkveld med vennegjengen. Me stiller med alt av utstyr, god rettleiing og ei lun stemning.
Dette får du:
2 timar analog kvalitetstid
Frå 370,- kr per pers. Prisen varierer etter kva objekt du ønsker å male på. Sjå prisliste her
Får heile lokalet åleine
Material, brenning og glasering inkludert
Frå 8–16 pers.
Er de fleire enn 16 stk. kan me kome til dykk. Ta kontakt for avtale :)
FAQ
-
De kan velge mellom eit bredt utvalg av aktivitetar som for eksempel maling på keramikk og bretting av papirblomar.
Me tilpassar aktiviteten til type arrangement og ønsker.
-
Prisen varierer etter aktivitet og tal på deltakarar, og tek utgangspunkt i dei vanlege kursprisane våre.
Send oss litt info om gruppa di (tal personar, ønska aktivitet og tidspunkt), så lager me eit tilpassa forslag til dykk!
-
Me har plass til maks 18 personar i lokale vårt. Me er fleksible og kan også ta turen til dykk :)
-
Arrangementsrommet er 2–3 timar – med god tid til kreativitet og små pausar undervegs. Dersom de treng meir tid, finn me det ut saman!
-
Ja! Ta med kva dykk vil – kake, snacks, matkurv, vin eller bobler. Kaffe/te er inkludert. Me har kjøleskap for oppbevaring samt oppvaskmaskin:)
Om ønskelig kan me vere behjelpelig med bestilling av mat.
-
Utvask er inkludert i prisen. Veldig kjekt om de bistår med rydding :)
Leige lokale?
Lokalene er fast verkstad for våre medlem, men er også godt eigna for event og arrangement på ettermiddags- og kveldstid og i helger.