Om oss
Paraply studio er ein kreativ verkstad i Thiisafabrikken på Stord, starta av venninnene Jenny og Ingrid.
Konseptet vaks fram frå eit ønske om å skape den plassen me sjølv har sakna; eit lågterskel og inspirerande rom der ein kan prøve, lære og vere kreativ – utan press.
Hos oss samlar me ulike kreative handverk under same tak. Her kan du utforske nye uttrykk, bruke hendene og finne gleda i å skape noko sjølv – enten du kjem på kurs eller jobbar med eigne prosjekt. Det er rom for både nybegynnarar og dei som vil utvikle det dei allereie kan.
Spørsmål? Kontakt oss på hallo@paraplystudio.no