På jakt etter ein ny hobby?
Hos Paraply finn du eit variert utval kurs og workshops innan keramikk, saum, papirblomar og anna kreativt handverk.
UTSOLGT Introduksjonskurs i keramikk
Nyfiken på leire? Me tilbyr introkurs i ulike håndbyggingsteknikkar.
Introduksjonskurs i keramikk
Nyfiken på leire? Me tilbyr introkurs i ulike håndbyggingsteknikkar.
FAQ
-
I Paraply sine kjekke lokaler i Thiisafabrikken. Adressa er Hamnegata 48. Velkommen!
-
Me oppmodar alle om å gå/sykle eller ta buss. Bussholdeplassen er berre eit steinkast unna. Elles finnes det gode parkeringsmoglegheiter på Bytunet og Thon senteret (2 timar gratis).
-
Påmeldinga er bindande, men du står fritt til å gi plassen din vidare til ein ven dersom du ikkje kan delta. Gi oss berre beskjed om kven som kjem i staden:)
Skulle me måtte avlyse kurset, får du sjølvsagt full refusjon eller tilbod om plass på eit seinare kurs.
-
Me ønskjer at Paraply skal vere eit lite fristed der vaksne kan senke skuldrene og finne ro i det kreative. Difor er dei fleste kursa og den opne verkstaden retta mot deltakarar frå 12 år. Samstundes synes me det er viktig å dele skapargleda med fleire, og kjem difor til å arrangere eigne aktivitetar for born og familiar gjennom året!
-
Så kjekt at du vil halde kurs hos oss! Paraply skal etter kvart vere ein levande stad der ulike kurs, verkstader og aktivitetar fyller årshjulet – og me håpar å kunne invitere inn flinke folk med kunnskap og skaparglede.
I oppstartsfasen har me fokus på å få på plass vårt eige kurs- og aktivitetsprogram, men på sikt ønskjer me gjerne å samarbeide med andre som har noko dei har lyst til å lære bort.
Har du ein idé eller ein kompetanse du trur kunne passa hos Paraply? Ta gjerne kontakt – kanskje me kan skape noko saman etter kvart☂️