Introduksjonskurs i håndbygging
NOK 950,-
Prøv keramikk for første gong – eller finn att skapargleda.
På dette kurset får du ei innføring i handbygging med leire. Me går gjennom ulike grunnteknikkar og ender til slutt opp med 3 ulike produkt; ei lita skål, vase og lysestake. Mot slutten av kurset vel du korleis du vil dekorere arbeidet ditt og kva glasur du ønskjer. Me tek oss av tørking, brenning og glasering i etterkant. Keramikken kan hentast i verkstaden etter ca. 4–8 veker.
Kurset varer i omlag 3 timar, og alt av utstyr og materiale er inkludert. Kurset passar både for nybegynnarar og deg som ønskjer ei kreativ stund med hendene.
Dette får du:
750 g steingodsleire (lag opptil 3 ting)
Innføring i grunnleggjande teknikkar for handbygging (pølseteknikk, “pinch pot” og plateteknikk)
Rettleiing undervegs
Val av dekor og glasur
Glasering og brenning av det du lagar
Kaffi/te og litt snacks
Alle kurs har ei aldersgrense på 16 år, 12 år med ein vaksen tilstade på kurs.
Dersom de er to eller fleire som vil på kurs kan det vere lurt å booke saman, så sikrar de at alle får plass.
Greit å vete: keramikk er eit uforutsigbart materiale, og me kan ikkje garantere at alt overlever tørking og brenning. Sprekker, deformasjonar eller andre skadar kan oppstå sjølv om arbeidet er behandla på riktig måte. Me skal sjølvsagt ta godt vare på arbeida dine og gjer vårt beste for eit godt resultat.
Avbestilling
Påmelding til kurset er bindande, då me held av plassen din og planlegg kurset ut frå talet på deltakarar. Om du ønskjer det, kan du overføre plassen din til ein annan person utan ekstra kostnad. Gi oss berre beskjed om namn og kontaktinformasjon før kursstart.
Skulle me mot formodning måtte avlyse kurset, får du sjølvsagt heile kursavgifta tilbake, eller du kan velje å flytte påmeldinga til eit seinare kurs.
På dette kurset får du ei innføring i handbygging med leire.
Dato: søndag 25. oktober kl. 10:00–13:00
Les meir om kurset her.