UTSOLGT Lær å sy di eiga bukse 👖
NOK 950,-
På dette kurset syr me ei enkel bukse frå botnen av – perfekt for deg som er ny ved symaskina eller ønskjer ein kreativ kveld med litt ekstra meistringskjensle.
I løpet av fire timar lærer du grunnleggjande syteknikkar og blir kjend med symaskina, samtidig som du syr di eiga bukse. Me rettleier deg gjennom heile prosessen, steg for steg, i roleg tempo.
Maks antall deltakere: 4
Du får:
Innføring i bruk av symaskin
Rettleiing gjennom heile kurset
Låne symaskin og alt nødvendig utstyr
Kaffi/te og litt snacks
Du tek med:
Stoff til buksa (me sender informasjon om kvalitet og mengd etter påmelding)
Senk skuldrene, lær noko nytt og opplev kor kjekt det er å lage eit plagg med eigne hender💛 Obs! Alle kurs har ei aldersgrense på 16 år, 12 år med ein vaksen tilstade på kurs
Avbestilling
Påmelding til kurset er bindande, då me held av plassen din og planlegg kurset ut frå talet på deltakarar. Om du ønskjer det, kan du overføre plassen din til ein annan person utan ekstra kostnad. Gi oss berre beskjed om namn og kontaktinformasjon før kursstart.
Skulle me mot formodning måtte avlyse kurset, får du sjølvsagt heile kursavgifta tilbake, eller du kan velje å flytte påmeldinga til eit seinare kurs.
Lær å sy di eiga bukse!
På dette kurset syr me ei enkel bukse frå botnen av – perfekt for deg som er ny ved symaskina eller ønskjer ein kreativ kveld med litt ekstra meistringskjensle.
Les meir her.
Dato: 21.10 kl. 18:00–22:00